Friday, August 21, 2009

Ganske lenge sidan

Hei og takk for sist. Kor lenge er det sidan no?
Eg tenkte det var på tide med ein oppdatering. No har eg starta på 2. året av min
bachelor i bioingeniørfag. Kanskje ikkje alle veit kva dett innebere. Dermed tekte eg å seie litt om det. Andre ting eg bedriv tida med er: Volleyball, Boogie Woogie og Kor.

Bioingeniør: Ein bioingeniør arbeider primært på sjukehuslaboratorie, arbeide går for det meste i analysering av ulikt humanbiologiskmateriale. Arbeidet som bioingeniør er alt anna enn einsformig, alt frå blodprøvetaking og analysering, til bakteriedyrking. For dei som ikkje vil arbeide på sjukehus, kan bioingeniørutdanninga friste med fleire spennande forsknings proskjekt, blanta anna kreftforskning, oljedrift, medisinutvikling, matbevaring(frøbank). Det aller nyaste innan bioingeniørfeltet er BIOBANK. Biobanken i Levanger er det store satsningsfeltet til helse norge no dei siste åra. Her vert det samla biologisk materiale av folk frå heile Sør-Trøndelag. For det meste blod, men også celleprøver. Biobanken skal brukast til forskning både på GEN og ulike arvelege sjukdomar, samt den generelle folkehelsa.

Boogie Woogie: Er den nye fritidsaktiviteten. For dykk som er litt interessert i musikk, og likar å danse er dette ein passande stilart. Den passar for alle aldersgruppe, og for dykk som føler de burde trene meir kan eg informere om at man kan bli ganske sliten etter ei treningøkt på NTNUI Boogi.

Til slutt håper eg alle her hatt ein god ferie, og utnytta den til det fulle. Lykke til vidare med studie og kva de ellers måtte bedrive tida med.
Hjerteleg helsing Tore Skare Lystad

No comments: